Olav H. Hauge

 

Olav H. Hauge

 

Olav Håkonsson Hauge (18.august 1908 - 23.mai 1994), mest kjend som Olav H. Hauge, var ein norsk forfattar, ein av dei viktigaste lyrikarane innanfor den modernistiske tradisjonen på 1900-talet. Han vart fødd i Ulvik i Hardanger, der han budde heile livet. Han var gartnar av yrke og dreiv med fruktproduksjon.

 

Forfattarskap

 

Han er kjend for ein kortfatta diktstil der han skildrar kvardagslege ting og samtidig får fram ein djup livsvisdom. Dikta hans har vorte samanlikna både med den norrøne sagastilen og japanske haikudikt. Mange av dei beste dikta til Hauge er likevel sonettar, dikt der han sameiner ei streng form med eit grenseoverskridande innhald.

 

I lyrikken til Hauge er landskapet og naturen tydeleg til stades, både reint konkret og i symbolikken. Hauge var svært godt orientert i eldre og nyare europeisk og amerikansk lyrikk, gjennom omfattande lesing og sjølvstudium. Alfred Tennyson, William Butler Yeats, Robert Browning, Stephane Mallarmé, Arthur Rimbaud, Stephen Crane, Friedrich Hölderlin, Georg Trakl, Paul Celan, Bertolt Brecht og Robert Bly er alle vortne attdikta på norsk av Hauge.

 

Hauge debuterte i 1946 med samlinga Glør i oska, som inneheld dikt i tradisjonell form. Frå og med samlinga På Ørnetuva skjer det ei påtakeleg formell nyorientering mot eit modernistisk formspråk. Samlinga Dropar i austavind frå 1966 er vorten ståande som eit høgdepunkt i forfattarskapen. Her finn vi bl.a. ei lang rekkje «tingdikt», som det kjende Katten:

 

Katten sit

i tunet

når du kjem.

Snakk litt med katten.

Det er han som er varast i garden.

 

Me ser her ein konkretisme som til då var ukjend i norsk lyrikk, og som inspirerte generasjonar av seinare lyrikarar, for eksempel Jan Erik Vold. Frå og med 1966 skreiv Hauge dikt utan enderim, fast rytme og strofeform – med unntak av sonettane, som han alltid vende attende til, og som han har vore ein fornyar av i norsk lyrikk.

 

Naturbileta kan hjå Hauge anten fungere som symbol eller metaforar for menneskelege grunnerfaringar, men i den seinare delen av forfattarskapen kan biletet stå heilt ukommentert, slik at lesaren må skape meining sjølv.

 

Utmerkingar

 

Den norske Kritikerprisen for litteratur 1961 for På ørnetuva

Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond 1968

Hauge fekk Doblougprisen i 1969

Sunnmørsprisen 1972 for Spør vinden

Melsom-prisen 1973

Aschehougprisen i 1978

Nominert til Nordisk Råds litteraturpris 1981 for Dikt i samling

Nynorsk barnelitteraturpris 1983 for Regnbogane

I februar 2006 vart han heidra med eit frimerke (NK 1598).

 

Verk

 

Diktsamlingar

 

1946 - Glør i oska. Noregs boklag, 1946.

1951 - Under bergfallet. Noregs boklag, 1951.

1956 - Seint rodnar skog i djuvet. Noregs boklag, 1956.

1961 - På Ørnetuva. Noregs boklag, 1962 (1961).

1966 - Dikt i utval : Dogg og dagar ved Ragnvald Skrede. Noregs boklag, 1965.

1966 - Dropar i austavind. Noregs boklag, 1966.

1971 - Spør vinden. Noregs boklag, 1971

1972 - Dikt i samling. (Bokklubben Dagens bok, 1996) (Noregs boklag, 1972).

1975 - Syn oss åkeren din i utval ved Jan Erik Vold. Bokklubben, 1975. (Henta frå Dikt i samling)

1980 - Janglestrå. (utgjeve som del av Dikt i samling) Samlaget 1980.

1983 - Regnbogane. Samlaget, 1983. (Henta frå Dikt i samling)

1988 - Mange års røynsle med pil og boge (lydopptak). Samlaget, 1992 (1988).

1998 - Det er den draumen. Samlaget.

 

Atterdikting og omsetjing

 

1967 - Utanlandske dikt. Noregs boklag

1974 - Stephen Crane: Svarte ryttarar. Noregs boklag

1978 - Bertolt Brecht: Til ettertidi. Oktober Forlag

1978 - Hand grip hand i svevne - dikt av Robert Bly, Paul Celan, Sylvia Plath og andre moderne lyrikarar. Noregs boklag

1982 - Dikt i umsetjing Noregs boklag, Samlaget 1992

1991 - Frå Rimbaud til Celan. Samlaget

 

Andre utgjevingar

 

1986 - ABC. Illustrert av Bodil Cappelen

1994 - Under Hauges ord. Utgjeve av Jan Erik Vold. Inneheld m.a. brevveksling mellom OHH og JEV

1996 - Brev 1970 - 1975. Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. Samlaget

2000 - Dagbok 1924-1994. 5 bind. Samlaget

 

Prosastykke

 

«Fjellet kring Uppsæte, Hallingskeid og Finse i eldre tid». Prenta i Norsk Årbok 2007.